Egdingen

Just another Veveriet.com Blogs weblog

Komme seg til Farsund

July22

Er vel ein del lurar på korleis ein kan kome seg til Farsund. Her kjem nokre forslag.

Bil
Frå Kristiansand tek det 1 time og 13 minutt med bil. Reiserute: http://kart.gulesider.no/m/pKGW0
Frå Stavanger tek det 2 timer og 13 minutt med bil. Reiserute: http://kart.gulesider.no/m/pKGfk

Tog
Skal du ta tog er det smartaste å ta toget til SNARTEMO stasjon. Ta kontakt med oss, så kan me ordne henting på stasjonen.

Buss
Frå Kristiansand går Sørlandsruta i vanleg trafikk. Rutetabell: http://agder.websrv02.reiseinfo.no/AgderIISSTaticTables/Tables/ruter/t/23-371.htm
Eventuelt går også Sør-Vestekspressen også forbi Farsund frå Kristiansand. Rutetabell: http://bestilling.nor-way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=300&Direction=T&Product=P1
Frå Stavanger går Sør-Vestekspressen i vanleg trafikk forbi Farsund i retning Kristiansand. Rutetabell: http://bestilling.nor-way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=300&Direction=T&Product=P1

Fly
Kjem du med fly må du anten lande på Kjevik ved Kristiansand eller Sola ved Stavanger og ta buss eller tog vidare.
Det er òg ein liten flyplass i Farsund (http://www.listalufthavn.no/) for dei som måtte ynskje å ankomme med privatfly eller helikopter.

Spørsmål?
Har du spørsmål angåande korleis du kan kome deg til Farsund er det berre å ta kontakt på epost (styret@egdingen.no), ringe, sende melding på Facebook eller kva det no enn måtte vere. Ta kontakt!

Program

June18

Fredag 27. august
17.00 – 19.00: Kurs
19.00: Lett mat og felles informasjon
Etterpå: Festival

Laurdag 28. august
08.00-09.00: Frukost
09.00-10.00: Bli kjent og felles informasjons
10.00-12.00: Kurs
12.00-13.00: Fri og lønsj
13.00-17.00: Kurs
17:00 Middag og festival

Sundag 29. august
09.00: Frukost
10.00: Fellessamling/avsluttning, festival og heimreise

Sjå www.nordsjofestivalen.no for å sjå sjølve festivalprogrammet.

PÃ¥melding

June18

Påmelding skjer til styret@egdingen.no. I påmeldinga må du ha med fylgjande:

  • Namn
  • Kurs du vil delta pÃ¥ (om du skal pÃ¥ dansekurset mÃ¥ du spesifisere om du skal pÃ¥ noko anna ein berre dansekursa!)
  • FødselsÃ¥r
  • Allergiar
  • Eventuelle andre ting du syns me burde vite.

PÃ¥meldingsfristen er 8. juni!
Påmeldingar etter denne fristen er mogleg, men prisen stig jo nærmare helga påmeldinga kjem!

Les meir om kursa her.

Praktisk informasjon finner du her.

Programmet for helga finn du her.

Spørsmål rettes til styret@egdingen.no.

Du kan få oppdateringar om hendinga ved å bli med på hendinga på Facebook:
http://www.facebook.com/event.php?eid=121638944533898&ref=ts

Du kan bli med i Egdingen-gruppa på Facebook:
http://www.facebook.com/group.php?gid=69655965055

Du kan bli tilhengjar av Nordsjøfestivalen på Facebook:
http://www.facebook.com/pages/Nordsjofestivalen-i-Farsund/115418061831188?ref=mf

Informasjon om kursa

June18

Dansekurset

Under dansekurset blir det mogleg å velje eventuelle andre kurs som måtte gå samstundes. Dette er som regel spelkurs. Sjå kva kurs du kan velje mellom under. For meir informasjon om dei forskjellege kurs (utanom ril-kurset) sjå www.nordsjofestivalen.no.

Fredag:
17.00-19.00: Sønderhoning (dans)
17.00-19.00: Skotske tonar (spel)

Laurdag:
10.00-12.00: Springedans frå Fjotland (dans)
10.00-12.00: Klarinetten i folkemusikken (spel – du mÃ¥ kunne spele klarinett for Ã¥ vere med!)
10.00-12.00: Fjotlandslangeleik  (spel)
10.00-12.00: Gælisk song (song)

13.00-17.00: Ril frå inn- og utland.
Dette kurset blri delt inn i 4 bolker. Ein skotsk, ein dansk, ein norsk og ein oppsummering på slutten.

 Teaterkurset

Teaterkurset er eit langt og samanhengande kurs og du får difor ikkje moglegheita til å delta på andre kurs som på dansekurset. Det blir kurs på dei same tidspunkta som for dansekurset.

På dette kurset skal Jan Fredrik Grøndal Henriksen frå Sirka Sirkus lære deg meir om improvisasjon og teatersport.

Praktisk informasjon

June18

Pris:
Kr. 500,- for medlemmar av Noregs Ungdomslag.
Kr. 550,- for alle andre

Nokre konsertar under festivalen kan koste ekstra. Sjå programmet på www.nordsjofestivalen.no for meir informasjon.

Mat:
Dette er inludert i prisen:
Lkveldsmat på fredagen.
Frukost, lønsj og middag på laurdagen
PÃ¥ sundagen er det lagt opp til frukost.

Nattmat på fredag og laurdag på festivalen er ikkje inkludert i prisen og kjem difor i tillegg. Dette er på ein 70-80 kroner.

Overnatting:
Det blir overnatting på Farsund Barne- og Ungdomsskole. Så hugs sovepose og liggeunderlag!

Reise:

Egdingensamling under Nordsjøfestivalen

June15

27-29 august går Nordsjøfestivalen av stabelen i Farsund. Og Egdingen skal ha kurshelg i samarbeid med festivalen. Førebels kan du kose deg med plakaten vår, også kjem det meir praktisk informasjon i løpet av dei neste vekene.

669172

Sjå hendinga på Facebook
Bli ven med Egdingen på Facebook

Helgesamlinga i Valle!

October20

Den andre Egdingesamlinga vart halden i Valle i Setesdal 2. – 4. oktober. Vel 15 deltakarar tok vegen langt opp i Setesdal for å vera på teater- eller folkedanskurs. Det var òg fyrste gong at Egdingen Ungdomsring heldt årsmøte, eller Egdingeting som det heiter.

Jan Fredrik Grøndal heldt teaterkurset. Det var gjennom Noregs Ungdomslag si omreisande instruktør-ordning at ein fekk tak i ein så dyktig kurshaldar. Det var eit nokså omfattande kurs, med mellom anna improvisasjon og skodespelarteknikk. Dansekurset gjekk parallelt, og vart halde av Kari Margrete Okstad og Torleiv Løyland, som lærde bort turdansar og Setesdalsgangar.

Egdingetinget, årsmøtet, på fredagen vart halde med representantar frå Noregs Ungdomslag sentralt og Vest-Agder Ungdomslag til stades. Endre Kleiveland er  leiar for folkedansrådet i Noregs Ungdomslag, og skrytte av arbeidsemda til Egdingen og eit godt årsmøte, og ynskte lukke til vidare.

Som sist hadde ungdomsringen satsa på god mat: på fredagen var det risgraut på bordet, og på laurdagskvelden kva elles enn skikkeleg Setesdalssuppe?

Deltakarane kom frå heile Agder og Austlandet. Ein skjønar at setesdølane er vanskelege å lokka fram, for berre éi byglandsjente var med, men kva gjorde dét når deltakar frå andre stader tro til. Med slik kvalitet på kursi kunne ein likevel gjerne hatt endå fleire med.

Egdingen Ungdomsring meiner dei skulder ein stor takk til Torleiv Løyland for praktisk hjelp. Både med lokale, mat m. m. har han vore til stor hjelp.

Neste helgesamling vert 18-20. desember på Myra i Arendal, og denne gongen vert det juleball på laurdagskvelden. Det kjente FLUR-ballet vert teke oppatt i ny drakt: Egdingeballet. Det er ope for alle aldrar, og det vert nydeleg kaldtbord, dans og musikk. Merk deg datoen og kom!

arkivert under Samlingar | 2 kommentarar »

Velkomen!

October6

Velkomen til Egdingen si nye vevside!

Etterkvart som sida tek til vil du kunne lese om alt det spanande som me driv med i Egdingen, og alt det me har planlagt å gjere framover! Føl deg velkomen til å kommentere alt av innlegg og byrj eit ordskifte om det er noko i eit innlegg du syns er verd å debattere!

Til venstre kan du trykkje på bilete for å kome til biletgalleria våre, kontakt informasjon finn du på bunn av sida, og anna navigasjon finn du på toppen og til høgre. :)

Vevleg helsing,
Torbjørn :)