1

Informasjon om kursa

June 18th, 2010

Dansekurset

Under dansekurset blir det mogleg å velje eventuelle andre kurs som måtte gå samstundes. Dette er som regel spelkurs. Sjå kva kurs du kan velje mellom under. For meir informasjon om dei forskjellege kurs (utanom ril-kurset) sjå www.nordsjofestivalen.no.

Fredag:
17.00-19.00: Sønderhoning (dans)
17.00-19.00: Skotske tonar (spel)

Laurdag:
10.00-12.00: Springedans frå Fjotland (dans)
10.00-12.00: Klarinetten i folkemusikken (spel – du må kunne spele klarinett for å vere med!)
10.00-12.00: Fjotlandslangeleik  (spel)
10.00-12.00: Gælisk song (song)

13.00-17.00: Ril frå inn- og utland.
Dette kurset blri delt inn i 4 bolker. Ein skotsk, ein dansk, ein norsk og ein oppsummering på slutten.

 Teaterkurset

Teaterkurset er eit langt og samanhengande kurs og du får difor ikkje moglegheita til å delta på andre kurs som på dansekurset. Det blir kurs på dei same tidspunkta som for dansekurset.

På dette kurset skal Jan Fredrik Grøndal Henriksen frå Sirka Sirkus lære deg meir om improvisasjon og teatersport.

  1. [...] Les meir om kursa her. [...]

Connect with Facebook

Powered by WP Hashcash