0

Komme seg til Farsund

July 22nd, 2010

Er vel ein del lurar på korleis ein kan kome seg til Farsund. Her kjem nokre forslag.

Bil
Frå Kristiansand tek det 1 time og 13 minutt med bil. Reiserute: http://kart.gulesider.no/m/pKGW0
Frå Stavanger tek det 2 timer og 13 minutt med bil. Reiserute: http://kart.gulesider.no/m/pKGfk

Tog
Skal du ta tog er det smartaste å ta toget til SNARTEMO stasjon. Ta kontakt med oss, så kan me ordne henting på stasjonen.

Buss
Frå Kristiansand går Sørlandsruta i vanleg trafikk. Rutetabell: http://agder.websrv02.reiseinfo.no/AgderIISSTaticTables/Tables/ruter/t/23-371.htm (NB! Hugs å gå av på Farsund Rutebilstasjon!)
Eventuelt går også Sør-Vestekspressen også forbi Farsund frå Kristiansand. Rutetabell: http://bestilling.nor-way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=300&Direction=T&Product=P1 (NB! Hugs å gå av i Lyngdal og ta korresponderande buss vidare til Farsund!)
Frå Stavanger går Sør-Vestekspressen i vanleg trafikk forbi Farsund i retning Kristiansand. Rutetabell: http://bestilling.nor-way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=300&Direction=T&Product=P1(NB! Hugs å gå av i Lyngdal og ta korresponderande buss vidare til Farsund!)

Lavprisekspressen køyrer også forbi Farsund, men hugs å gå av i Lyngdal! Litt usikkert om dei korresponderar til Farsund, men om dei ikkje gjer det må dykk hugse å sei i frå i god tid når dykk er i Lyngdal så me kan hente dykk!

Fly
Kjem du med fly må du anten lande på Kjevik ved Kristiansand eller Sola ved Stavanger og ta buss eller tog vidare.
Det er òg ein liten flyplass i Farsund (http://www.listalufthavn.no/) for dei som måtte ynskje å ankomme med privatfly eller helikopter.

Spørsmål?
Har du spørsmål angåande korleis du kan kome deg til Farsund er det berre å ta kontakt på epost (styret@egdingen.no), ringe, sende melding på Facebook eller kva det no enn måtte vere. Ta kontakt!

Connect with Facebook

Powered by WP Hashcash