1

Program

June 18th, 2010

Fredag 27. august
17.00 – 18.30: Kurs
18.30: Lett mat og felles informasjon
Etterpå: Festival (Eilert Sundtkonserten byrjar kl. 19.00!)

Laurdag 28. august
08.00-09.00: Frukost
09.00-10.00: Bli kjent og felles informasjons
10.00-12.00: Kurs
12.00-13.00: Fri og lønsj
13.00-17.00: Kurs
17:00 Middag og festival

Sundag 29. august
09.00: Frukost
10.00: Fellessamling/avsluttning, festival og heimreise

Sjå www.nordsjofestivalen.no for å sjå sjølve festivalprogrammet.

0

Påmelding

June 18th, 2010

Påmelding skjer til styret@egdingen.no. I påmeldinga må du ha med fylgjande:

  • Namn
  • Kurs du vil delta på (om du skal på dansekurset må du spesifisere om du skal på noko anna ein berre dansekursa!)
  • Fødselsår
  • Allergiar
  • Eventuelle andre ting du syns me burde vite.

Påmeldingsfristen er 8. juni!
Påmeldingar etter denne fristen er mogleg, men prisen stig jo nærmare helga påmeldinga kjem!

Les meir om kursa her.

Praktisk informasjon finner du her.

Programmet for helga finn du her.

Spørsmål rettes til styret@egdingen.no.

Du kan få oppdateringar om hendinga ved å bli med på hendinga på Facebook:
http://www.facebook.com/event.php?eid=121638944533898&ref=ts

Du kan bli med i Egdingen-gruppa på Facebook:
http://www.facebook.com/group.php?gid=69655965055

Du kan bli tilhengjar av Nordsjøfestivalen på Facebook:
http://www.facebook.com/pages/Nordsjofestivalen-i-Farsund/115418061831188?ref=mf

1

Informasjon om kursa

June 18th, 2010

Dansekurset

Under dansekurset blir det mogleg å velje eventuelle andre kurs som måtte gå samstundes. Dette er som regel spelkurs. Sjå kva kurs du kan velje mellom under. For meir informasjon om dei forskjellege kurs (utanom ril-kurset) sjå www.nordsjofestivalen.no.

Fredag:
17.00-19.00: Sønderhoning (dans)
17.00-19.00: Skotske tonar (spel)

Laurdag:
10.00-12.00: Springedans frå Fjotland (dans)
10.00-12.00: Klarinetten i folkemusikken (spel – du må kunne spele klarinett for å vere med!)
10.00-12.00: Fjotlandslangeleik  (spel)
10.00-12.00: Gælisk song (song)

13.00-17.00: Ril frå inn- og utland.
Dette kurset blri delt inn i 4 bolker. Ein skotsk, ein dansk, ein norsk og ein oppsummering på slutten.

 Teaterkurset

Teaterkurset er eit langt og samanhengande kurs og du får difor ikkje moglegheita til å delta på andre kurs som på dansekurset. Det blir kurs på dei same tidspunkta som for dansekurset.

På dette kurset skal Jan Fredrik Grøndal Henriksen frå Sirka Sirkus lære deg meir om improvisasjon og teatersport.

1

Praktisk informasjon

June 18th, 2010

Pris:
Kr. 500,- for medlemmar av Noregs Ungdomslag.
Kr. 550,- for alle andre

Nokre konsertar under festivalen kan koste ekstra. Sjå programmet på www.nordsjofestivalen.no for meir informasjon.

Mat:
Dette er inludert i prisen:
Lkveldsmat på fredagen.
Frukost, lønsj og middag på laurdagen
På sundagen er det lagt opp til frukost.

Nattmat på fredag og laurdag på festivalen er ikkje inkludert i prisen og kjem difor i tillegg. Dette er på ein 70-80 kroner.

Overnatting:
Det blir overnatting på Farsund Barne- og Ungdomsskole. Så hugs sovepose og liggeunderlag!

Reise:

27-29 august går Nordsjøfestivalen av stabelen i Farsund. Og Egdingen skal ha kurshelg i samarbeid med festivalen. Førebels kan du kose deg med plakaten vår, også kjem det meir praktisk informasjon i løpet av dei neste vekene.

669172

Sjå hendinga på Facebook
Bli ven med Egdingen på Facebook

2

Helgesamlinga i Valle!

October 20th, 2009

Den andre Egdingesamlinga vart halden i Valle i Setesdal 2. – 4. oktober. Vel 15 deltakarar tok vegen langt opp i Setesdal for å vera på teater- eller folkedanskurs. Det var òg fyrste gong at Egdingen Ungdomsring heldt årsmøte, eller Egdingeting som det heiter.

Jan Fredrik Grøndal heldt teaterkurset. Det var gjennom Noregs Ungdomslag si omreisande instruktør-ordning at ein fekk tak i ein så dyktig kurshaldar. Det var eit nokså omfattande kurs, med mellom anna improvisasjon og skodespelarteknikk. Dansekurset gjekk parallelt, og vart halde av Kari Margrete Okstad og Torleiv Løyland, som lærde bort turdansar og Setesdalsgangar.

Egdingetinget, årsmøtet, på fredagen vart halde med representantar frå Noregs Ungdomslag sentralt og Vest-Agder Ungdomslag til stades. Endre Kleiveland er  leiar for folkedansrådet i Noregs Ungdomslag, og skrytte av arbeidsemda til Egdingen og eit godt årsmøte, og ynskte lukke til vidare.

Som sist hadde ungdomsringen satsa på god mat: på fredagen var det risgraut på bordet, og på laurdagskvelden kva elles enn skikkeleg Setesdalssuppe?

Deltakarane kom frå heile Agder og Austlandet. Ein skjønar at setesdølane er vanskelege å lokka fram, for berre éi byglandsjente var med, men kva gjorde dét når deltakar frå andre stader tro til. Med slik kvalitet på kursi kunne ein likevel gjerne hatt endå fleire med.

Egdingen Ungdomsring meiner dei skulder ein stor takk til Torleiv Løyland for praktisk hjelp. Både med lokale, mat m. m. har han vore til stor hjelp.

Neste helgesamling vert 18-20. desember på Myra i Arendal, og denne gongen vert det juleball på laurdagskvelden. Det kjente FLUR-ballet vert teke oppatt i ny drakt: Egdingeballet. Det er ope for alle aldrar, og det vert nydeleg kaldtbord, dans og musikk. Merk deg datoen og kom!

0

Marnardal 2009

September 1st, 2009


Frå Egdingensamling, lagt inn Kamilla Hagane Ramleth den 5/07/2009 (20 bilete)